Årsmøte gjekk av stabelen 6.2.09, og det møtte 32 medlemmer inkludert dei som hadde sendt fullmakt. Ingve Serigstad vart ny leiar for BMK. 3 styremedlemmer takka for seg og inn kom 3 nye. Me takker dei som gjekk ut for vel utført jobb og ønskjer dei nye og resten av styret lukke til med arbeidet vidare.
Elles var det heile 9 medlemmer som hadde gjort seg verdige medaljar av ulik valør. Gratulerer til dei. Henning Haaland frå styret i NMF Rogaland møtte for å overrekkje desse.
Etter årsmøte samla me oss tradisjonen tro til middag i restauranten på Jæren hotell.
Arnstein Ramstad 20 år NMF Torger Reve 20 år NMF Gunn Iren Hognestad 20 år NMF Eldar Undheim 20 år NMF Edel Auglend 40 år NMF Gustav Jensen 20 år BMK Einar Gabrielsen 30 år BMK og ny æresmedlem !!! Ingeborg Lura 40 år BMK Eldor Fjermestad 40 år BMK