Velkommen til Bryne musikkorps

Årsmøte i jubileumsåret 2014

Elise, Bjørn og Åse, Eldor og Berit var ikkje til stades.
Eldor Fjermestad har vore korpsmusikant i 50 år!
Eldor Fjermestad har vore korpsmusikant i 50 år!
Styret i jubileumsåret
Styret i jubileumsåret
Etter årsmøte var det middag :)
Etter årsmøte var det middag :)

Årets årsmøte vart avhalde 21.02.14 på Bryne mølle. Etter det formelle årsmøte, der me hadde besøk av Brit Johanne Orre som representant frå NMF, hadde me middag og kick-off fest for 80 års jubileet vårt. Årsmelding og rekneskap vart godkjent, og nytt styre valt.

Det nye styret er

Kjetil Gudmestad - formann
styremedlemmer:
Elise Wefring Fosse
Anne Jorunn Horpestad
Janne Christin Lyngstad
Torger Reve
Gunn Iren Hognestad - varamedlem

Brit Johanne delte ut medaljar frå NMF, og det er ikkje småtteri av korpsår desse medlemmane står for. Sjå denne lista :

Eldor Fjermestad 50 år i NMF
Bjørn Kverneland 40 år i NMF
Elise W. Fosse 30 år i NMF
Berit Skarestad Njaa 30 år i NMF

Fantastisk innsats, og gjenspegler vel i høg grad kor kjekt det er å vera medlem i eit musikkorps.

Årets musikant vart velfortent Åse Kyllingstad Hatteland. Utdrag frå formannen sine stikkord då han presenterte vinnaren: Veldig godt frammøte på øvingar og oppdrag i alle år, steller til frokost til oss 17. mai, koker kaffi  på kvar øving, gir mat og husrom til utenlandsgjester, seier ja til det meste ho blir spurt om,  gjer seg aldri og "bles til leppene blør" om nødvendig,  trosser hoftesmerter og går i alle tog 17. mai  og overtok på strak arm arrangering av after train. 

 

 

 

 




Get Adobe Reader  årsmelding Read file