Velkommen til Bryne musikkorps

Årsmøte 2024

Årsmøte vart halde 28. februar 2024. Årsmelding, rekneskap og budsjett 2024 vedtatt utan diskusjonar.

Ny leiar vart Kristian Svanes, og med seg i styret fekk han Kjetil Gudmestad, Anne Kristine Lunde Bræin, Lotte-Andrea Dallavara og Gustav Jensen (dei to siste var ikkje på val) og varamedlem Ann Helen B. Madsen (heller ikkje på val). 

Takk for innsatsen til dei som gjekk ut av styret, spesielt Siv Karin Svanes som har vore kasserar frå 2016. 

Kristian Svanes og Gunn Marit Solli fekk medalje for 10 års medlemsskap i Bryne musikkorps.

Medalje og diplom for medlemsskap i NMF:

Elise Wefring Fosse 40 år
Bjørn Kverneland 50 år
Eldor Kverneland 60 år

Årets musikant vart Johnny Kartevoll.

Me gratulerer alle medalje- og trofevinnarar!