Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps si heimeside
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Biletarkiv
    - Julekonsert
    - Lye 291112
    - Desember 2012
    - Basar Rosseland skulekorps
    - Korps og potetfestival
    - 17. mai
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - ABC 2012
    - Basar Bryne skulekorps
    - Vårkonsert med Tu skulekorps
    - Basar Undheim
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 096 839

 

 

 



Teltfest med Vazelina bilopphøggers


Korps og potetfestival
Det finst ikkje dårlig vær for korpsmusikantar
 
Det finst ikkje dårlig vær for korpsmusikantar
 
Litauisk komlefest
 
Litauisk komlefest
 
Korpsfest m. Vazelina bilopphøggers
 
Korpsfest m. Vazelina bilopphøggers
 










































































14.-16. september - Litt av ei helg !!
Me har hatt ei utrulig helg - frå ideen vart kasta fram til no har ein komite lagt ned veldig mykje arbeid med planlegging, og etterkvart fleire komitear med å få til arrangement som gjekk knirkefritt over 3 dagar.

Me starta med konsert med våre litauiske musikkvenner som var på besøk, og Vazelina bilopphøggers fredag, musikk på torget, komlefest med konsert i lag med norsk-litauisk forening laurdag og den store korpsfinalen på søndag. Fleire hundre musikantar frå 13 korps i jærregionen deltok og spelte i lag med Vazelina bilopphøggers. Surfbrett, Får ke mere pudding tjukken, Feil side ta Mjøsa og Spikre paller har fått ein ny plass hos oss.

Skulekorpsingar som hadde lyst å vera med, men ikkje hadde korpset sitt på plassen, fekk vera med BMK både på øving av Vazelinarepertoaret i forkant, og marsjering og framføring av eige nummer på torget på søndagen. Derfor spelte me Gammel jægermarsj, ein marsj som er kjent for alle korpsingar.

At me har fått dette til er mest utrulig - 3 dagar til ende med speling og arrangement av forskjellige slag, rydding, tilstelling, baking av poteter m/tilbehør, varme pølser til hundrevis av musikantar, ordna lokale så det litauiske "mannskapet" fekk kokt og frakta komler til 250 personar, barsalg, logistikk og rydding igjen i dei seine nattetimar for så å starte på an igjen dagen etter. Jammen har me vore gode!



Get Adobe Reader Read file
 Program






Get Adobe Reader Read file
 Program søndag



Dans med Vazelina bilopphøggers  
Fredag 14.09.12


Vygintas Trepekūnas band (då eg ikkje veit kva den andre heiter)

Jentene frå Litauen prensenterte den eine perla etter den andre.

Gukkenheimer Kameraden var og på scenen

Vazelina sin Eldar og vår Eldar

Og så kom Vazelina bilopphøggers og presenterte eit herlig show


Tre som har gjort ein stor innsats i matvegen

Korpsvenner frå Klepp på Vazelinadans

Korpsmedaljen er på plass


Speling på torget  
Laurdag 15.09.12 kl 12 og 14







Dagens jubilant, som sjølvsagt fekk fødselsdagssangen avspilt på torjå



Litt pizza i lag med våre litauiske gjester fekk me og tid til

Litauisk komlefest  
Laurdag 15.09.12 - Festen var organisert som eit bryllup - stiligt og veldig god stemning frå start til slutt.


Den litauiske varianten av kransekaka

Dei 3 skjenkestyrarane våre med eksamen!

Ruth gler seg til komle :)

Litt halvslitne, men like blide

Komla te sjefsvaktene

Stas å låne Høggern sitt trommesett

Saulius måtte på scenen og framføre sang han visstnok har sunge inn på plate for litt tid sidan

Allverdens en he å dra på ein kveld ute

Korpsfestival  
Søndag 16.09.12 Takk til Erling Dagsland for flotte bilete.


Det vrimla av musikantar, alle like, på skulen for øving.

Men det tok snart form, og me var fint oppstilte og klar


Saulius styre øvinga, og Terje partituret hans

Vazelina på plass, untatt Eldar Vågan, som på det tidspunktet vart flybåren i privatfly frå Oslo etter opptreden i "Skal vi danse"

... je ska lage surfbrett på sløyden ... la,la

Likt skal vera likt, her får Arnulf Paulsen låne BMK sitt trommesett :)

....nå vil je hematt te Toten ... ..feil side ta Mjøsa, i buss ..

Ein glad formann

Pølseserveringa var effektiv


Blått i blått med musikantar på parkeringsplassen til M44


Glade musikantar frå Undheim & Eikeland

Slik såg det ut i fugleperspektiv, foto Erling Dagsland



For eit skue !


Ikkje kvar dag Saulius dirigerer eit så stort korps

Morten får blomar av NMF sin representant, Brit J. Orre





Utskriftsvennlig versjon

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne