ABC 2012
Då var eit av vårens eventyr for oss, ABC-konserten, over. Det gjekk veldig bra musikalsk, me presenterte eit breit spekter av musikk, sekkelageret var mest fullsatt og det kjempegod stemning. Rekene var som vanlig veldig gode og musikken til Jet Set ga rykningar i dansefoten og lokka mange på golvet frå start til slutt.
Bjørnar Grødem, som til vanleg er slagverker hos oss, viste kva han kan på gitar i tillegg, og spelte ein flott solo til Lemuria. 25. mars fekk han utdelt kulturstipend frå Time kommune. GRATULERER til han.
Repertoaret vårt var klart før 22. juli, og lite visste me då kva Kringsat af fjender/Til ungdommen skulle få for betydning for oss. Gripande då publikum impulsivt reiste seg då dei song med på denne sangen.
ABC i bilder
Opptak frå ABC-konserten 24.03.12