|  | 
                            
                            
                              |  |  |  
                              |  |  |  
                              |  |  |  
                              |  | Hektisk omkledning på Kiwi, både ute og inne. |  
                              |  |  |  
                              |  | Etter marsjering er det alltid avslutning med Internasjonalen på torget. |  
                              |  |  |      Som vanleg slo det til med  strålande sol 1. mai, riktignok litt kaldt,  men grønt og fint og heilt passe temperatur for musikantar etterkvart som marsj etter marsj vart avspelt i 1. mai opptoget på Bryne. Dette er eit av mange kjekke speleoppdrag gjennom året, og god generalprøve til 17. mai. Gjesdal-bonden Inge steig av traktoren og var faneberar for oss, og me gir han ein stor takk for det !  Av andre faste oppgåver BMK har gjennom året, var dagen for vareteljing på Kiwi og 1. mai. Medan folk flest koste seg i solveggen, køyrde motorsykkel, henta stein eller jobba i hagen, telte rundt halvparten av medlemmane våre varer på Kiwi både før og etter toget. |