Bryne musikkorps består av ca 35 musikantar i alder frå ca 18 - 80 år. Me spelar saman kvar onsdag kl 1900-2100 på Bryne skule. Går du tilfeldigvis forbi skulen i den tida, kan du kanskje høyra tonane frå ein feiande flott marsj eller ein swingande jazzlåt.
Hausten 2020 øver me av smittevernhensyn på Lye skule då lokalet der er større.
Me har plass til fleire musikantar, og kan lokke med gjenkjennelig kjekt repertoar og ein god porsjon speleglede og sosialt samhald.
Ta kontakt med leiaren vår, Kristian Svanes, tlf. 91326850, epost sjanker@gmail.com om du har lyst å byrja hos oss!