Velkommen til Bryne musikkorps

Gå for brua

Som eit ledd i feiring av 80 års jubileum har me dukka opp og spelt på forskjellige stader i Time i løpet av året. Som ein siste "spontankonsert" før det er julemusikk som gjeld, og sidan me liker å vera der det skjer, nytta me høvet til å bidra me vårt på aksjonen "gå for brua", Midgardsormen over Frøylandsvatnet, den 22.11. Me stilte med ei gruppe frå korpset og bidrog  både musikalsk og med å gå. Det pøsregna, men me er jo så heldige i dette landet at me har klede for allslags ver. Veldig kjekt  å spela for glade turgåarar, og me ser ikkje vekk frå, etter responsen å dømma, at dei og tykte det var kjekt med underhaldning. Me håper brua vert ein realitet, og at me under opninga blir hyrde inn i lag med Klepp hornmusikk  for marsjering frå kvar vår kant med møte på brua! Høyrtes ikkje det stillig ut ?