Velkommen til Bryne musikkorps

1. mai

foto Trine Selvikvåg, jbl.
Hektisk omkledning på Kiwi, både ute og inne.
Hektisk omkledning på Kiwi, både ute og inne.
Etter marsjering er det alltid avslutning med Internasjonalen på torget.
Etter marsjering er det alltid avslutning med Internasjonalen på torget.

 

 

Som vanleg slo det til med  strålande sol 1. mai, riktignok litt kaldt,  men grønt og fint og heilt passe temperatur for musikantar etterkvart som marsj etter marsj vart avspelt i 1. mai opptoget på Bryne. Dette er eit av mange kjekke speleoppdrag gjennom året, og god generalprøve til 17. mai. Gjesdal-bonden Inge steig av traktoren og var faneberar for oss, og me gir han ein stor takk for det !  Av andre faste oppgåver BMK har gjennom året, var dagen for vareteljing på Kiwi og 1. mai. Medan folk flest koste seg i solveggen, køyrde motorsykkel, henta stein eller jobba i hagen, telte rundt halvparten av medlemmane våre varer på Kiwi både før og etter toget.