Velkommen til Bryne musikkorps

Basar Rosseland skulekorps

Me deltek på basarane til alle skulekorpsa i Time, og då får me både høyrt på alle dei flinke unge korpsingane  og kjøpt lodd og på den måten støtta skulekorpsa. Det er jo og ein måte å verta litt kjende for dei unge musikantane, slik at nokre av kjem til oss når tida i skulekorpset er over. Søndag 19. oktober var det Rosseland skulekorps som arrangerte basar, og dei varta i tillegg opp med eit flott show, løvenes konge, som dei skal framføra på Stavanger Open i november. Me ønskjer dei lukke til i konkurransen.