Korps og potetfestival

14.-16. september - Litt av ei helg !!
Me har hatt ei utrulig helg - frå ideen vart kasta fram til no har ein komite lagt ned veldig mykje arbeid med planlegging, og etterkvart fleire komitear med å få til arrangement som gjekk knirkefritt over 3 dagar.
Me starta med konsert med våre litauiske musikkvenner som var på besøk, og Vazelina bilopphøggers fredag, musikk på torget, komlefest med konsert i lag med norsk-litauisk forening laurdag og den store korpsfinalen på søndag. Fleire hundre musikantar frå 13 korps i jærregionen deltok og spelte i lag med Vazelina bilopphøggers. Surfbrett, Får ke mere pudding tjukken, Feil side ta Mjøsa og Spikre paller har fått ein ny plass hos oss.
Skulekorpsingar som hadde lyst å vera med, men ikkje hadde korpset sitt på plassen, fekk vera med BMK både på øving av Vazelinarepertoaret i forkant, og marsjering og framføring av eige nummer på torget på søndagen. Derfor spelte me Gammel jægermarsj, ein marsj som er kjent for alle korpsingar.
At me har fått dette til er mest utrulig - 3 dagar til ende med speling og arrangement av forskjellige slag, rydding, tilstelling, baking av poteter m/tilbehør, varme pølser til hundrevis av musikantar, ordna lokale så det litauiske "mannskapet" fekk kokt og frakta komler til 250 personar, barsalg, logistikk og rydding igjen i dei seine nattetimar for så å starte på an igjen dagen etter. Jammen har me vore gode!
Dans med Vazelina bilopphøggers
Fredag 14.09.12
Speling på torget
Laurdag 15.09.12 kl 12 og 14
Litauisk komlefest
Laurdag 15.09.12 - Festen var organisert som eit bryllup - stiligt og veldig god stemning frå start til slutt.