17. mai
17. mai starta med små regndråpar, nok til at me tok på regnkåpene, men etter vekkerunden i Vardheia var me vel egentlig blautare på innsida av regnfrakken enn utpå. Heldigvis vart det med det, og me fekk perferkt 17. mai-ver resten av dagen, passe temperatur, passe vind og sola kom og gjekk heile dagen.
Me hadde ikkje gjort endringar på dagen frå før, så det var dei same toga, morgonrunde kl 07, frokost på skulen servert av Elisabeth og Iris-Marie, barnetog på Bryne 0930, folketog på Lye 1045, folketog på Undheim 1200, lunch på kinarestaurant, folketog på Frøyland 1400 og til slutt folketog på Bryne kl 16. Eldar og Sigrun inviterte nok ein gong til after train - TAKK til dei :)
