Velkommen til Bryne musikkorps

Humanistisk konfirmasjon

Første laurdag i mai er det humanistisk konfirmasjon i Storstova, og me gjer vårt beste for å vera med og gjera dette til ein flott seremoni for årets konfirmantar. Dette var 4. året me var med, og det var like kjekt som alltid.

I år var Irene Løvoll forsangar til allsangane, og vår eigen Ingve trakterte som vanleg på ein fremragande måte flygelet.

Saulius var forhindra frå å vera med, men Bjørn steppa sporty inn som dirigent og leia oss gjennom repertoaret på ein utmerka måte. Me var langt frå fulltallige i korpset denne laurdagen midt i ei langhelg, men godt gjekk det; det meste klaffa og me fekk gode tilbakemeldingar.

I år, som i alle dei føregåande konfirmasjonane me har vore med på, var det nydeleg ver, så pausen mellom dei to seremoniane ute i det fri blir reine idyllen.

De er flust av gode bakarar i korpset, og matbordet med all slags godsaker bugna i pausen. Nytt for året og fritt fram for gjentaking var Arnstein sin medbrakte vannkokar samt presskanne. Herlig med nypressa kaffi.




Get Adobe Reader  Program Read file



 

Oppvarming 
Oppvarming 
Ei blid og opplagt hornrekkje 
Ei blid og opplagt hornrekkje 
Gunn Iren har dagen ! 
Gunn Iren har dagen ! 
Grovmessingen har funne roen før start 
Grovmessingen har funne roen før start 
Orlaug og Johnny kvalitetssikrar 
Orlaug og Johnny kvalitetssikrar 
Så var det pause og mat 
Så var det pause og mat 
Ute i sola går drøsen godt 
Ute i sola går drøsen godt 
Smarte Arnstein :) 
Smarte Arnstein :) 
Anne Karin, Orlaug og Kjetil nyt kaffien og sola 
Anne Karin, Orlaug og Kjetil nyt kaffien og sola 
Bjørn har noge stort å fortelja 
Bjørn har noge stort å fortelja 
Stavanger Aftenblad var med 
Stavanger Aftenblad var med 
Kjetil strekker seg mot sola  
Kjetil strekker seg mot sola  
Her pågår mange djupe samtalar 
Her pågår mange djupe samtalar 
Meste som på camping 
Meste som på camping