Velkommen til Bryne musikkorps

Sommarfest 2016

Instruering og laginndeling utfor skulen før me tok avgårde.
Litt frå rebusløpet
Litt frå rebusløpet
Hos Eldor med grilling og konkurransar
Hos Eldor med grilling og konkurransar

Me hadde sommaravslutning 11. juni med rebusløp der det på postane var både fysiske oppgåver og quizz. Turen gjekk innom Friluftshuset på Orre, Ganddal stadion, Frøyland stadion og Perlå på Ålgård. På postane stod ektefeller av korpsmedlemmer - stor takk til dei som alltid stiller opp når me spør dei!  På Ålgård var oppgåva bading, men kun 2 av alle 4 i 4 bilar, Kjetil og Inge, tok utfordringa! Det syner vel kven som innehar det største konkurranseinstinktet blant oss ! Løysinga av siste rebus førte oss heim til Eldor og Anni, som hadde dekka fint på terrassen, og der stod grilling og meir konkurransar på programmet. Ein kjekk kveld i godt sommarver før me no tek ferie frå øving.