Velkommen til Bryne musikkorps

ABC-konsert

Solistane på rekkje og rad, Torbjørn Fosse, Evy Lode Jonassen, Jan Jonassen og Ola Hegrestad
Bryne musikkorps og solistane
Bryne musikkorps og solistane
Reker og hygge
Reker og hygge









































































































26. februar strøymde folk til Bryne mølle, ikkje for å levera korn, men for å vera med på årets abc-konsert. Sekkelageret var fullsett då konserten starta, og det er me storvegs nøgde med.

Eit heilt korps gir rimelig god lyd i eit såpass lite lokale, og når solistane helst skal høyrast, blir det kanhende veldig høgt for nokre. Tilbakemeldingane på musikk og framføring var uansett god, og me er veldig godt fornøgde med årets konsert.

Det hadde i forkant vore ein del ruskever, men tidleg på formiddagen fekk me den gledelig beskjeden at me likevel fekk heilt ferske reker, og dei var så store og gode me sjelden har sett maken. Nok ein gong takk til Geir Lyngstad som står for reketransporten.

Solistane me hadde med oss var Torbjørn Fosse, Ola Hegrestad og Evy Lode og Jan Jonassen, og desse imponerte som vanleg. På repertoaret stod

I mitt hjärtas land (Anthem frå Chess)
It's my life
Seasons in the Sun
Jenter
I dreamed a dream (Les Miserables)
Got You(I Feel Good)
The Billy Joel Songbook
(Pianioman, The longest Time, Tell her about it)
Buongiorno Italia
Tom Jones in Concert
It’s Raining Men
It’s a Sin
Jag trodde änglarne fanns
Jutlantia

 

 Bryne musikkorps
 Bryne musikkorps