Santa Susanna 25.9.-2.10.26
Me fekk på ny gleda av å reisa på oktoberfest til Santa Susanna, og kom til full sommar der, oppimot 27 grader nokre dagar. Ein dag var sett av til busstur for dei som ville, og det vart ein våt tur, men like greit å sitte i bussen i regn som på hotellet :) Riktignok vart nok pausane der me skulle sjå oss om litt saboterte av regnet, men dog ein gild tur. Me reiste til Rupit og Besalu, og på vegen var me innom Santuario de El Far, der det var ein fantasisk utsikt me ikkje såg (me kunne sjå nedover, og det var laangt ned):
Me hadde 2 spelingar i teltet, 2 på hotellet og ein på utescenen.
Ganske mange vart ramma av sjukdom dette året, magesjuke og vond hals, og det vart sagt det var mykje korona i området.
Alle fann seg noko å gjer på fritida, sykling, turgåing, bading, soling, shopping eller besøk til ein av mange ute-/strandbarar m.m.. Det at det stort sett er fellesprogram kvar dag, gjer at me møtes, og elles er det jo 3 faste måltid til dagen på hotellet.
Me hadde 2 jubilantar med oss på turen, Anne Kristine L. Bræin feira 60-årsdagen sin i lag med oss, og dagen etter fylte Kristian Svanes år.
Livet i Santa Susanna
