Velkommen til Bryne musikkorps

Calella 2015

10.-18. oktober 2015 - ei heil veke på oktoberfest i Calella. Heile 34 personar var med, og me fekk god tid til samvær og late dagar i løpet av veka, i tillegg til speling og fest. Første dag var det parade, og vidare utover i veka hadde me speling på strandbar,  3 spelingar på kyrkjeplassen og 2 i festivalteltet. Me vart oppfordra til å gå i teltet om me ikkje spelte, hvilket me gjorde, og der stod til tider stemninga heilt opp i telttaket. 

Me var innkvarterte på hotel Internacional, sentrumsnært og like ved stranda. Alle måltid var inkludert med fast klokkeslett og faste bord, slik at det vart eit godt samlingspunkt.

Det var ikkje mulig å rusle i byen uten å treffe kjende, og då me ikkje spelte brukte me dagane til litt shopping, vandra gatelangs, sat på uterestaurant, gjekk turar osv. Dei nye gule t-skjortene våre gjorde at me viste godt igjen uansett kor me var.

To dagar var me på heildagsutflukter, ein til Barcelona der me hadde stopp ved La Sagrada familia, stadion Camp Nou og hadde eit par timar på La Rambla, og ein høgt opp til Montserrat, eit fantastisk spesielt fjell. Her låg benediktinerklosteret Santa Maria de Montserrat, ein skule for korguttane (som måtte vera særs musikalske og spela fleire instrument for å koma inn),  ei kyrkje der me fekk høyra korguttane syngja, og fleire andre bygningar.

Ei veke i mildt klima, godt lag, mykje musikk og koselig samvær. Det kan knapt bli betre, og det frista definitivt å gjer det igjen.