Velkommen til Bryne musikkorps

Velkommen som musikant i Bryne musikkorps

Så kjekt at du vil byrja hos oss!

Å spela i korps er ein kjempefin livslang hobby, og me som er her frå før storkoser oss. Det håper me du og vil gjera.

Digitale sider: Bryne musikkorps har eiga medlemsside – www.bryne-musikkorps.no, der du må melda deg inn. Når du har lagt inn opplysningane vil heimesideansvarlig godkjenne deg, og du får tilgang til alt som står der. Her blir bl.a. styrereferat lagt ut så du kan halde deg oppdatert med styrearbeidet. I tillegg har me ei facebookgruppe for medlemmer (Korps) og ei offisiell side (Bryne musikkorps). 

Vedtektene våre ligg under fana «om korpset» og desse bør alle vera kjende med.

Øving er kvar onsdag frå kl. 1900 - 2130 på Vardheia ungdomsskule, og alle bør vera på plass og speleklar i god tid før øvingsstart. Etter øving har alle ansvar for rydding av øvingslokale. OM du ikkje kan møta på øving må du melda frå på Spond. På Spond får du opplysingar om det meste ift speleoppdrag, og dei prioriterer me å møte på. Meld alltid frå om du kan møte eller ei, og sjølvsagt helst det første. 

På materiallageret vårt er kopimaskin om du treng kopiera noter. Noter får du i hovudsak tilsendt på epost frå styreportalen, eller frå nokon på eiga instrumentgruppe.

Medlemskontingent  kr 1000,- (500 om du er skuleelev/student) må betalast til konto 3325 20 22053 innan 1. april. Byrjar du om hausten er og kontingenten kr 500.  Aspirantar som går i skulekorps  betaler ikkje kontingent. Om du går i skulekorps i tillegg er det alltid skulekorpset som må prioriterast når det skjer ting samtidig. 

Uniform og instrument: Du vil i tillegg til instrument og få utdelt uniform, hatt, jakke, t-skjorte, m.m. på lån medan du er medlem. Dette du må levera vaska/reinsa når du leverer det tilbake. Elles må notestativ, lys, notehefter og originale noter (som me skal unngå å ta med heim) leverast tilbake. Ta kontakt med uniformsansvarleg når du leverer.

Faste speleoppdrag er 1. mai tog, humanistisk konfirmasjon 1. laurdagen i mai, 17. mai-tog og deltaking på basarane til skulekorpsa i kommunen. Me arrangerer korpsfest annakvart år, og så dukker det  som oftast opp forskjellige nye oppdrag i løpet av året. 

Korpstur: Stort sett får me til å reisa på tur annakvart år. År om anna får me og til å reisa på seminar. 

Dugnad Me driv for tida korpset utan faste dugnadar.

Me håper du finn deg godt til rette hos oss, og spør gjerne om du lure på noko. Sidemannen på øving kan som regel svare på det meste, og elles tar du kontakt med ein av styremedlemmane.

Velkomsthelsing frå styret og resten av korpset