Velkommen til Bryne musikkorps

Hommersåk

13.06.09 - Medan 7500 trødde og sykla i motvind (liten kuling?) frå Eigersund til Sandnes, reiste me for 2. gong til Hommersåk og deltok på korpsdag i samband med Riskadagane. Som det visstnok alltid er, var det sol og fint ver og berre litt vind.

Etter ca ein halvtimes marsjering frå idrettsplassen ned til kaien fekk me frokost og spelte eit fellesnummer med dei andre korpsa. Hommersåk skulekorps hadde besøk av eit korps frå Litauen, og elles deltok Riska musikkorps i tillegg til oss. Det var konsert med kvar enkelt korps og til slutt fleire fellesnummer med alle korpsa i lag. Saulius er dirigent for 3 av dei deltakande korpsa, så han var i aktivitet det meste formiddagen. Ein kjekk solfylt dag i idylliske omgivelsar.

 

 Klar til marsjering frå idrettsplassen
 Klar til marsjering frå idrettsplassen
 Me
 Me "hive" oss over frokosten
 og det smakte fortreffelig
 og det smakte fortreffelig
 Konsert pågår. Mykje fint å høyra, og spesielt imponerte tubaisten i Hommersåk skulekorps oss med eit svingande solistnummer.
 Konsert pågår. Mykje fint å høyra, og spesielt imponerte tubaisten i Hommersåk skulekorps oss med eit svingande solistnummer.
 Det bles berre litt, men nok til at klesklypene måtte på plass
 Det bles berre litt, men nok til at klesklypene måtte på plass
 Fargerikt fellesskap - alltid gildt å spela i
 Fargerikt fellesskap - alltid gildt å spela i "storkorps"
 Alle korpsa fekk gåve av dirigenten for SKLEPUČINI, korpset frå Litauen.
 Alle korpsa fekk gåve av dirigenten for SKLEPUČINI, korpset frå Litauen.