Velkommen til Bryne musikkorps

Ølfest på Hommersåk

Me starta året med ølfest på Hommersåk med norsk litauisk forening den 16. januar  - Me hadde i forkant øvt og vorte kjende med tradisjonelle litauiske sangar og skåleviser, og me spelte og ein del nummer så folk fekk svinga seg etter. Nye selskapsleiker vart presentert for oss, samt annerledes snacs enn me er vane med  - sjå f.eks. osten, DEI flotte fargane og SÅ fint dandert, og elles var det bl.a. både røykt fisk og røykte griseøyrer.  Ein kjekk kveld, sjølv om adskillige minus ute gjorde at det vart vanskeleg å få opp varmen i lokalet.