Velkommen til Bryne musikkorps

Seminarcruise

Gustav og Langesund
Gustav og Langesund

Bryne musikkorps tok fredag 20. april til havs for å øva, og det vart særdeles velluka. Fjordline førte oss trygt og godt frå Tananger til Hirtshals, Langesund, Hirtshals, Tananger, Bergen og så til Tananger igjen då ferda var over søndag kveld. Havet var roleg, maten ombord var prima og øvingslokalet vårt i 10. var fantastisk med havutsikt samt servering av  kaffi, te, vatn og flott fruktfat. Sol og fint ver det meste av turen, herlig på dekk i pausane, gode heildagsøvingar, god mat, godt lag og god stemning - betre kan det ikkje bli.