Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar    

 

 

   Biletarkiv
    - Julespeling
    - Julekonsert
    - Potetkorpsdag
    - Potetfestival
    - HMK Garden
    - Hommersåk
    - 17. mai
    - Andy Sheppards Saxophone Massive
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - Jærstevne
      Jærstevnefest
    - Basar
    - ABC-konsert
    - Basar
    - Kulturhovedstaden 2008
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





Jærstevne
 
19. april 2008 arrangerte BMK Jærstevne for amatørkorps. Ein fantastisk dag der sola skein om kapp med musikantane frå Gjesdal brass band, Klepp hornmusikk, Nærbø musikkorps, Vigrestad brass band og Bryne musikkorps.

Årets første marsjering er spennande og sjelden heilt vellukka. Det er ei stund sidan sist, og det tek litt tid å finna igjen rutinen på å spela medan ein beveger seg og instrumentet hoppar. Men, no er me i gang!

Under Jærstemnet starta alle korpsa korpsvis frå møllå og marsjerte til torget der me framførte eit par nummer kvar for softisetande publikumarar i vårsola. Deretter samla me oss i ”møljekorps” og marsjerte til M44 for ny runde med musikk frå dei enkelte korpsa. Det vart litt trongt om plassen nedover Storgata då rundt 140 musikantar samla seg til eit korps, og litt av ei utfordring å marsjere likt og spele rett med ”naboen” så tett at kvar minste bevegelse forplanta seg. Men kjekt var det!!

På konserten i mølla vart det servert mykje publikumsvennlig flott musikk frå dei forskjellige korpsa, nokre med solistar som imponerte stort.



 Konsertprogram Read file

 


Me venter på klokka skal gå så me kan koma i gang med årets første marsjering.

Nå nærmer det seg klar

Marsjering opp Storgata. Her kjem Gjesdal brass band

Klepp hornmusikk

Nærbø musikkorps

Brit Salte og Sverre Henriksen frå Nærbø musikkorps,..litt varme under hatten :)

Bryne musikkorps

Alle marsjerte i stort felleskorps frå torget til M44

Kaffi og kaker i vårsola i pausen mellom marsjering og konsert.

Hallstein Otnes frå Klepp hornmusikk framførte ein forrykande xylofonsolo (Souvenir de Cirque Renz)

Bjørn Kverneland frå BMK fekk tildelt medalje for 30 års medlemskap i NMF

Og dirigentane fekk oppmerksomhet som fortent!

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne