Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar    

 

 

   Biletarkiv
    - Julemusikk på Bryne
    - Siste øving før jul
    - Julekonsert 2013
    - Jubileum Rosseland skulekorps
    - Basar på Lye
    - Potetfestival 2013
    - Opning av Stemmen
    - 17. mai
    - 16. mai
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - Basar med Bryne skulekorps
    - ABC - grenseløs KVELD
    - Basar på Undheim
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 



Me er klar for 1. tog, barnetoget på Bryne


17. mai
Eit knippe av våre kjekke ungdommar
 
Eit knippe av våre kjekke ungdommar
 
Og nokre litt eldre ungdommar
 
Og nokre litt eldre ungdommar
 
 
 
Den varmaste 17. mai på 13 år er vel overstått. Det var overskya, og riktignok litt regn i fleire tog, men aldri nok til at det trengte gjennom kleda. Morgonparaden utgjekk dette året, og me håper 17. mai komiteen får såpass mange signal frå Brynebuarar som sakna dette, at den er på plass igjen neste år.

Me starta dagen med frokost på Bryne skule kl 08. Der hadde og Bryne skulekorps samling før barnetoget, og ein del av skulekorpsingane laga stemning på skuleplassen med bl.a. Dixieland strut, og tok initiativ til samspel med begge korpsa før me la ut på marsjering.

Me gjekk i barnetog på Bryne kl 0930, og reiste så til Lye. Der hadde dei lagt om til ei mykje meir marsjvenleg rute, så no er det slutt på å slite lange og mange bakkar der, trur me. Etter Lye stod Undheim for tur.

Etter Undheim var me det veldig på tide med lunch, og tradisjonen tru reiste med på Ming house og fekk rask og god servering, slik at me var på plass og klare for nytt tog på Frøyland kl 14. Då var plutselig 4 av 5 tog unnagjort. Det går fort når ein har det gildt.

I pausen før folketoget inviterte Gunn Iren på kaker og kaffi, og der fylte me opp både terrasse og stove. Litt farlig for dei som sank for djupt ned i godstolen, men etter nokre gode koppar kaffi eller leskande, var me klare for finalen, folketoget. Det gjekk glimrande, og som i fjor samla me oss med Tu skulekorps, spelte litt mens folk fekk samla seg på torget, og spelte til sangane Ja vi elsker og Fagert er landet før og etter talen. Hovudtalar dette året var Tom Hetland.

Då gjenstod bare After train hos Åse. Ein flott tradisjon der ein får slappe av, eta og kosa seg i lag etter årets kjekkaste dag med felles opplevelsar.





















 

Frokost
Frokost
Musikantar frå Bryne skulekorps lager stemning
Musikantar frå Bryne skulekorps lager stemning
Endelig i gang, på veg til Stadion og barnetog
Endelig i gang, på veg til Stadion og barnetog
Pause hos Gunn Iren
Pause hos Gunn Iren
Pause hos Gunn Iren
Pause hos Gunn Iren
Oppstilling til folketoget
Oppstilling til folketoget
Oppstilt  på torget saman med Tu skulekorps
Oppstilt på torget saman med Tu skulekorps
Litt ymse
Litt ymse

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne