Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar    

 

 

   Biletarkiv
    - 17. mai
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - Seminarcruise
    - Livsgledefestival
    - Terje 80 år
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





Terje 80 år
 

Æresmedlemmen vår, Terje Haugland, fylte 80 år den 4. mars, og sjølvsagt stilte me opp og spelte for han. Me fekk han og med på stortromma på ein marsj til avslutning. 

Terje byrja i Bryne musikkorps i 1957, og deltek ennå på julebord og årsmøter, og kjem kvart år saman med Berit og serverer oss pølse og krans på siste øving før jul. No har det vore eit par magre pandemiår i så måte, så han fortalde han gledde seg stort til å koma igjen. Pølsene er ein gest frå æresmedlemmane som spanderer, medan Berit lager krans og nok har hovudansvar for å trekke pølsene. Dei er alltid store, glovarme, mange og knallgode.

Terje byrja som musikant i 10-årsalderen, og har 70 års medlemsskap i NMF. 

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne